- Felles
Diginettverkene har gått sammen og inviterer til “Klarspråk 2025 - i ein digital kvardag” i Grieghallen i Bergen, 3. - 4. april 2025!
Er klarspråk eit av dei beste verktøya for betre tenester og effektivisering av arbeidet? Det mener i alle fall de over 100 personene fra stat og kommune som allerede har meldt seg på.
Denne gongen har me fått med Språkrådet og KS sin klarspråk-avdeling som medarrangørar. Me vil gi kommunane så mange kontaktpunkt og så mykje nyttig innhald me kan, og derfor er konferansen også for deltakarar frå resten av offentleg sektor.
Skal du på éin konferanse i 2025 kan dette vera den mest lønnsame konferansen å delta på. Her får du mange konkrete tips og nyttig innhald som kan brukast av alle som driv med klarspråk i ein digital kvardag.
Dag 1 er fylt med gode foredrag og innlegg om mellom anna KI, klart språk til sårbare grupper, og kva som skal til for å ta ut gevinstar av klarspråkarbeid. Dagen blir avslutta med middag og underhaldning i sjølvaste foajeen i Grieghallen.
Dag 2 er endå meir praktisk retta, med både skrivekurs, brukartesting, delingstorg og innlegg om konkret bruk av KI. Me avsluttar dagen med gode råd om bruk av klarspråk som verktøy for å skape tryggleik, og lunsj med podcast og kanskje premiar.
Det er et mål at konferansen skal vera så overkommeleg som mogleg å delta på. Vi tilbyr deltaking med eller utan middag, men prisen er den same om du vel å delta på ein eller to dagar. Normal pris for deltaking er kr 3 990 med middag, og kr 3 490 utan middag.
Konferanseprisen er utan overnatting. På den måten kan du sørge for overnatting privat eller velje akkurat den overnattinga som passer best. Dersom du ønsker overnatting på eit av hotella som er nærast til Grieghallen, har me forhandla fram ein god pris for deg som bestiller før 13. februar.
Meld deg på, og les meir om program, hotell og praktisk informasjon på KS sin nettside.
Digi Troms og Finnmark har gleden av å kunngjøre at Jostein Trollvik, enhetsleder digitalisering i Tromsø kommune, skal representere vårt nettverk i KS sitt fagråd
…Hold deg oppdatert. Få siste nytt først.
© DIGI Troms og Finnmark 2025